tirsdag 24. januar 2012

"Karens jul" av Amalie Skram




1 – Karen er ei fattig jente, som har fått ein lausunge. Ho er tynn, med eit smalt og bleikt ansikt. Ho kjemper hardt mot fattigdommen, og lever i håp om at madam Olsen, skal komme å «redde» ho frå dette.
Konstabelen er ein varmhjerta mann, som gjer det han trur er godt for barnet og Karen. Han går ikkje etter sine plikter og kallar ho inn til politistasjonen. Kanskje var dette det rette valget, kanskje ikkje.
Madam Olsen er ein rik huseiger som brukte Karen som ein husholdersk for usslige 4 kr mnd og frokost kvar dag. Men dette kom til stor nytte hos Karen, og ho levde for dette.

2- Synsvinkelen i denne novella er autoral,refererende. Synsvinkelen gjer at ein ikkje gjeng so langt inn på personane, men ser det frå utsida. Dette gjer at ein får eit bilde av korleis fattige levde, og kjempet, men ikkje spesielt inn på følelser og kjensler Karen har.
Ho representerer dei fattige.

3- Ferjehuser står som eit bilde på Karens tragiske hending. Huset står der og hjer si nytte, fram til bedre ting kjem til nytte for brukerane og det til slutt blir revet for å ikkje skape skam på dei som bor rundt. Dette er nokså likt korleis Karen hadde det. Ho var tjenestepike og gjorde god nytte av seg fram til ho sto med barn. Da blei ho erstatta for ei stond, og døde etterkvart i kamp.

4- Novella «Karens jul» er ei typisk naturalistisk novelle. Det er mange detaljerte hendinger, og skildringane av personane og miljøet er svært detaljerte og «usminka». Novella atterspeglar samfunnsforholda på denne tida, og novella er også fylt med kontrastar. Samtidig er dialogene mellom Karen og politikonstabelen prega av dialekt. Dette er typiske trekk i naturalismens litteratur, som til dømes skulle gi inntrykk av å være sanne, røyndomsnære historier. Avslutningen på novella er også typisk naturalistisk. Dei naturalistiske forfattarane prøvde ved å legge fram problema, på den måten dei verkelig var, å få leserane til å reagere og kjempe for å bedre forholda. Forfattarane trakk ikkje konklusjoner og ga heller ikkje ein løysing på problema.

5- Budskapen i novella er klar. Den er retta mot dei som er fattige, den viser korleis det er å leve i ein har tilværelse der ein kjemper for seg sjølv og sitt eige barn. Det viser fattigdommens harde sider.
Når ferjehuser blir revet, er dette berre ei bevis på korleis politikken bruker si makt. Skram lar Karen dø med hevet hode, ikkje sliten og slapp. Dette for å vise kor hardt Karen sto på, korleis ho bar fattigdommen og barnet med stolthet.

6- «Juleevangeliet» og «Karens jul» kan samanlignaset. Karen med barnet hennar alluderar Maria og Jesusbarnet. Dette er eit typisk religiøst motiv, Madonna med barn. Dette billete ser politimannen gjennom ruta den siste gongen han går til skuret. Det var ikkje tilhald for verken Maria eller Karen i herberget, begge to har ukjend far til barnet sitt. Dei vart begge unge og redde.

Kilder: http://www.skoleforum.com/stiler/analyse/det.aspx?id=3659

1 kommentar: