Dette er ein blogg eg har opprettet i Norskfaget, som ei oppgåve frå vår lærar.
tirsdag 20. september 2011
Skal vi fjerne sidemålet frå norskfaget?
Som flittig brukar av nynorsk, er eg positiv til å ha sidemål på skulen. Dette gjer at vi lærer begge dei skriveformene vi har i Noreg.
Eg synest nynorsk er enkelt, likt min dialekt og det er kjekt å ta vare på gamle tradisjonar. Nynorsken er noko våre forferdar har skapt for at vi skal bruke, og det er med heile mitt hjarte eg sei at vi må ta vare på detta skriftmålet. Vi har to skriftmåtar i Noreg, og da er det rett og rimeleg at vi har to karakterar i skriftleg i norskfaget.
Argumenta nokon kommer med om at norskfaget er fullt, er inga unnskyldning. Vi har mykje å gå gjennom og lære i norsk, det er heilt sant. Men det er ingen problem å la nokon av innleveringane vere på sidemål i staden for hovudmål, i tillegg til å gå gjennom sidemålets reglar og grunnleggjande kunnskapar. Det å kutte på sidemålet, gir altså ikkje faget noko betre tid, eller meir rom til viktigare lærdom. Det er alt etter korleis læraren leggje opp sidemål, som avgjer om faget blir fullt eller ikkje.
Å ha sidemål gjer også at ein får større forståelse for hovudmålet sitt. Det gjer at ein klarer og sjå fleire alternativ innan sitt skriftspråk, og får ein breiare skriftforståelse. Også for oss som har nynorsk, er det veldig viktig at vi får god lærdom innan bokmålet, sidan det er dette skriftspråket som blir brukt i media, dei fleste aviser og liknande. Det er eit skriftspråk som blir flittig brukt, og som brukar av nynorsk må ein kunne bokmål for å forstå store deler av landet. Men som bokmåls brukar er det viktig at ein får lære nynorsk, for sjå kva deler av Noreg brukar, og får lært ein viktig del av Noreg historie.
Som sakt tidlegare har Noreg to skriftspråk, og det er viktig at vi bruker det som våre for faderar har lagt fram til oss. Eg meiner at sidemål er viktig for at vi skal lære begge skriveformene til Noreg, og at det er læraren som bestemmer korleis han skal leggje opp dette og om at det skal fylje opp norsk faget enda meir, eller om han flettar det inn i det pensumet som er for hovudmål. Elevar blir kanskje forvirra over å ha to skriftmål, men dette er noko dei blir glade for at dei har lært i eldre alder.
Albertine Reitan
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Flott! Dette er en kjempefin blogg. For en god idé å skrive blogg i norsken! Jeg gleder meg til å følge den videre.
SvarSlett