Om Vort Skriftsprog – Ivar Aasen ( 1813 – 1896)
Ivar Aasen hadde fleire grunnar til at Noreg skulle få sitt eige skriftspråk. Nokon av grunnane var at Noreg no hadde blitt ein egen nasjon, og det var Noreg sin måte i vise at dei no hadde blitt sjølvstending. Også det at farfedrane våre gav oss eit slikt fint språk, at det var med beste meining at vi burde behalde dette språket vidare no når vi hadde blitt eit eige land, og ein eigen nasjon.
Ivar Aasen ser på Sverige som eit lykkeleg og sjølvstendig land som har sitt eige språk.
Han meiner det svenske språket er likt det norske, og at Noreg burde heller ta det svenske enn det danske språket, men helst lage sitt eige språk. Det ville vere best om ein slapp å gå utan for landegrensene for å finne sitt eige språk.
«Denne kostelige Skat frå Fortiden» er eit sitat Ivar Aasen bruker når han siktar til det språket våre forferde har laget og bevart for oss. Og som han meiner er ei hellig arv til oss.
Ivar Aasen meiner at Norge har mista «vort Fædrenesprog» fordi alle generasjonar har blitt knytta til det danske språket, og at ungdommen som veks opp no(da) får eit betre forhold til det danske enn det norske, slik dei blir lært opp til å forakte det norske språk. Han meiner at den mindre dannande delen av landet undergir seg til dei «herksande».
Han meiner at det norske språket bør bli danna over tid. Men at ein i aktuelle situasjonar innan for ansvarlege grenser kan konstruere eit nytt norsk skrift språk. Han meiner at ein bør lage eit norsk skriftspråk ut i frå alle dei dialektane som fortsatt var igjen i landet, og danne eit mest mogleg nøytralt skriftspråk. Dette språket skulle ikkje innehalde «bløde» ord og vendingar, so vidt dette var mogleg.
Forslaget til Ivar Aasen går ut på at Norge skulle lage et språk som var samansett av dialektar frå ulike stadar i landet. Dette skulle vere dialektar frå landets større «provindsar». Desse ordsamlingane skulle sendast inn til eit selskap, oppretta av eit språkkyndig personell, der ein skulle ta ut eit utval ord som skulle brukast i den fullstendige norske ordboka. Dette var eit språk som aldeles ikkje alle måtte benytte seg av, men ein skulle oppmuntrast til å bruke det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar